HKF Ungdomsgruppe

I 2008 starta me ei ungdomsgruppe. Dette er eit husfellesskap i regi av HKF, (Holdhus Kristne Forsamling), for aldersgruppa 5. klasse og oppover. 

Måla med desse samlingane er at ungdomar kan koma saman for å læra meir om bibelen, dela tankar og spørsmål, og ha det sosialt. Me vil at unge (og vaksne) skal kjenna det trygt, naturleg og kjekt å vera saman i kristne heimar. Me trur også det er viktig å ha eit fellesskap der det kjennest trygt å ta opp/samtale om aktuelle tema, og å styrkja kvarandre til å stå faste i trua. Dette håper me kan inspirera/gje frimod til å spre evangeliet til andre. Samstundes ønskjer me å oppmuntra dei unge til å ta del i forsamlingsarbeidet/møta ved t.d. å delta på møta med opning/song/vitnesbyrd, og å be for møta og forsamlinga.

Kort sagt ønskjer me at ungdomsgruppa skal innehalda Guds Ord, bøn, song, samtale og aktivitetar. Eit godt venskap/fellesskap blir gjerne bygd rundt eit godt måltid, og difor brukar me til dømes å eta kvelds i lag.



Kontakt oss også på ¨e-post om du har spørsmål


Velkommen!
Nytt:

Nettsida er sist oppdatert
20. juni-23,
kl 08:13


Vekas vers:
"Vær glade i håpet, tålmodige i trengselen, vedholdende i bønnen! "
Rom. 12.12
























        Framside            Om Oss             Me trur            Me støtter        Kontakt oss
        Program           Taler             Song og anna kunst       Kvinnegruppe          Ungdomsgruppe