Me trur
Om Bibelen
Dei 66 bøkene som er i Bibelen er innanda av Gud, forfatta av han og utan feil. "For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje;
men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud" (2 .Pet. 1.21). Guds Ord er sentrert rundt vår Herre Jesus Kristus og hans verk (Luk. 24:27, Joh. 5:39, 5:46). Skrifta skal også oppdra oss med Kristus som mønster (Rom. 8:29, 2.Tim. 3:16).
Nytt:

Nettsida er sist oppdatert
20. juni-23,
kl 08:13


Vekas vers:
"Vær glade i håpet, tålmodige i trengselen, vedholdende i bønnen! "
Rom. 12.12
























        Framside            Om Oss             Me trur            Me støtter        Kontakt oss
Om Den Treeinige Gud
Me trur at Gud er sann og levande, og at han er Skaparen og Herre over alle ting. Gud er evig, utan endring, og han er openberra for oss som Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.

Om Gud Fader
Gud er allmektig, allvitande, fullkomen i kjærleik, full av visdom og evig (1. Mos. 1:1, 1. Krøn. 29:10-12). Me får fellesskap med Gud og blir hans barn ved trua på Jesus Kristus. "Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans." (Joh. 1:12).

Om Gud Son
Jesus er sann Gud og sant menneske (Joh. 1:1-2).  Han vart unnfanga av den Heilage Ande, født av ei jomfru, for å openberra Gud og kjøpa oss fri frå synda (Joh. 1:14).


Jesu død på korset og hans oppstode er Skrifta si hovudsanning. Han døydde og oppsto til vår rettferdiggjering, og eit menneske si personlege frelse kan berre verta den enkelte til del ved tru på dette verk (Rom. 4:24-25). Jesus sit no ved Guds høgre hand, og går i forbøn for oss som trur på han (Rom 8:34, Hebr. 8:1-2).
Slik som Kristus første gong kom til verda i kjøt, slik skal han andre gong koma lekamleg igjen til frelse for dei som ventar på han. Han er domar over levande og døde. Sjølv om den truande i kraft av Kristi verk er skuldfri, er han likevel ikkje i følgje sin natur syndefri, og kan heller ikkje verta det så lenge han er i kjødet.

Om Gud Den Heilage Ande
Me trur at Den Heilage Ande er ein guddommeleg person, ein Gud, på same måte som Faderen og Sonen er det.
Anden tek del i frelsesprosessen av eit menneske ved å overbevisa det om synd, og innlemma den truande i Kristus.
Einkvar som har teke imot Jesus, har den Heilage Ande (1.Kor. 12:3, Rom. 8:9).
Den truande får Anden til pant i hjartet, inntil utløysingsdagen (2.Kor.1:22, Ef. 4:30).
Den Heilage Ande utrustar truande til arbeid for Gud (Fil. 3:3).
Han er til hjelp i vandringa for dei truande (Fil. 1:19, 1.Tim. 1:14).
Anden si oppgåve er å herliggjera/vitna om Jesus (Joh. 15:26, 16:14, 1.Pet. 1:10-12). Nådegåvene som vert praktisert i forsamlinga må ha den Heilage Ande si oppgåve som mål.
Sjølv om ein som truande har Den Heilage Ande, kan ein framleis gjere Anden sorg (Ef. 4:30). Me må framleis søkja å bli fylt av Anden (Ef. 5:18).

Om Skapinga
Me trur at Gud har skapt himmel og jord, inkludert alt liv.  (1.Mos. 1:1, Joh. 1:3, Kol. 1:16-17).

Om Mennesket
Me trur at mennesket er skapt av Gud, i hans bilde, - at det fall i synd og er fortapt. Utan at eit menneske blir født på ny ved Den Heilage Ande, kan det ikkje sjå Guds rike (1. Mos. 1:26-27, Joh. 3:3, Rom. 3:10, 23).

Om Satan
Satan er ein person, og han er opphavet til synda. Han reiser seg mot Gud, og han var den som bedrog mennesket til å velja å gjera mot Guds bud. Følgjene av dette er ein andeleg og legemleg død og dom. Satan vil til slutt bli dømd til evig straff i ildsjøen (1.Mos. 3:1-9, Jes. 14:13-14, Matt. 4:1-3, Apg. 5:3, 2.Kor. 4:4, Åp. 20:10).

Om Soning for synd og frelse
Me trur at Jesus Kristus dø for våre synder, som eit frivilleg offer, slik Skrifta seier. Alle som trur på han blir lauskjøpt/frelst ved hans blod (Apg. 16:30-33, Rom. 10:9-10, Ef. 1:7, 2:8-9, 1.Pet. 1:18-19). Frelsa er ei gåve frå Gud. Denne gåva blir gitt gratis til alle som set si lit til Jesus Kristus, hans død og oppstode. Alle som trur på Frelsaren har fått sine synder tilgjeve, og er blitt født inn i Guds familie (gjenfødt) ved Den Heilage Ande.

Om Dåp
Me trur at dåpen er ei god samvitspakt til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode (1.Pet. 3:20). Det er ikkje gjenføding i ei menneskeleg dåpshandling, rettferdiggjeringa er noko som skjer før dåpen inntrer. I samvitspakta ligg det at den gjenfødde vil vedkjenna/sanna/svara til Gud kva ein har fått i gjenfødinga, og at ein vil bruka sitt nye liv til å følgja Jesus, og gravleggja det gamle livet (Rom. 6:4, 2. Kor. 5:15-17, Kol. 2:12). Sjå også oppsummering frå dåpsmøtet 23.oktober 2011 frå denne linken

Om Heilaggjering
Ved gjenfødinga ser Gud einkvar truande som heilag og rettferdig, med ei fullkomen stilling plassert i Kristus (Ef. 2:4-6). Ein kristen si heilaggjering (helging), betyr å la Jesus få plass/bli Herre på alle område i livet (Ef. 3:16-19). Den truande må sjølv velja om han vil vandra til æra for Gud i denne verda (Gal. 5:16-22).

Om misjon
Ein kristen har som plikt og privilegium å prøva oppfylla Misjonsbodet. Me er kalla til å vera kanalar for Gud, slik at Den Heilage Ande kan openberra frelsen og nåden i Jesus Kristus gjennom oss (Matt. 25:31-46, 28:18-20, 2.Kor. 5:20). Dei truande må stå saman om å prøva vinna for Gud, dei som er utanfor hans samfunn.

Om nattverd
Me trur at nattverd er eit måltid der dei truande skal minnast Jesu død, og hans løfte om å koma tilbake. Nattverd er også eit vitnesbyrd for verda (1.Kor. 11:23-26).




        Program           Taler             Song og anna kunst       Kvinnegruppe          Ungdomsgruppe