Me støtter


Forsamlinga støtter to misjonsprosjekt, med ein fast sum i månaden. Desse er:

  • Åpne Dører, - i teneste for forfulgte kristne rundt om i verda. Deira oppgåve er blant anna å gje bibler/kristen litteratur i land der kristendommen er forbudt, lære opp nasjonale kristne leiarar, hjelpe dei kristne til å stå fast i trua under forfølging og yte humanitær hjelp. Sjå også nettsida til Åpne Dører for meir informasjon.
  • Helga (Holmefjord) og Rod Lobaugh, - for Ungdom i Oppdrag. Dei er for tida i Perth, Australia. Mykje av deira teneste er for tida "Storby-misjon", der dei samarbeider med andre evangeliske forsamlingar om å gje Ordet til storbyar som t.d. Mexico City. Samstundes arbeider dei med kristen utdanning for barn, slik at også dei kan bli kjent med Jesus både i barnehage og skule. Sjå også Ungdom i Oppdrag si internasjonale nettside eller den norske nettsida.

Me støtter også arbeidet lokalt, gjennom bibelsk forkynning på møta våre annakvar søndag. Både forkynning og sang blir lagt ut på nettsida vår, for å få ut evangeliet.


Vil du vere med å støtte dette arbeidet?

Du kan vere med å gje,
ved å bruke forsamlinga sitt kontonr: 3420 20 08854

Merk innbetalinga med "gåve", eller spesifiser di gåve som "gåve til misjon" eller "gåve til forsamling" (om du ikkje spesifiserer, vil me gje gåva der me ser det trengs mest, - misjon eller lokalt arbeid gjennom forsamlinga). 


Nytt:

Nettsida er sist oppdatert
20. juni-23,
kl 08:13


Vekas vers:
"Vær glade i håpet, tålmodige i trengselen, vedholdende i bønnen! "
Rom. 12.12
























        Framside            Om Oss             Me trur            Me støtter        Kontakt oss
        Program           Taler             Song og anna kunst       Kvinnegruppe          Ungdomsgruppe